Melkeruta 2010 – 2011

I ein Bostrøm 31, sjølvsagt døypt «Fri Inspirasjon», segla vi den såkalte Melkeruta frå sommaren 2010 til sommaren 2011. Vi kasta loss i Volda i starten av Juli, og første stopp var Shetland. Berre det føltes som ei stor bragd.

AvreiseKaledoniakanalen

Deretter fulgte Orknøyane, Skottland med Kaledoniakanalen og Irland. Frå Irland kryssa vi Biscaya og kom til La Coruna i Spania, der var det varmt og sandstrender, akkurat slik det skal være på langtur! Vi fortsatte sørover mot Portugal før vi segla over til Marokko, eit land som ga fine opplevelsar og magebesvær. Vi segla vidare til Kanariøyane før vi ankra opp ved Kapp Verde-øyane, siste stopp før Atlanterhavskryssinga.

ShetlandSpania

Sjølve Atlanterhavskryssinga tok 21 dagar, og vi kom fram 21 desember. Det vart ei annleis men fin jul på Trinidad. Deretter vart det omlag fire månedar i Karibbien. Vi segla sakte nordover og var innom Tobago, Grenada, Antigua, Nevis, St. Martin, Den Dominikanske Republikk og til slutt Cuba.

Kapp Verde4876440_578x771

Frå Cuba gjekk turen direkte til Halifax i Canada, ei etappe som varte i 18 dagar. Det var meget fint å kome fram, og gjensynsgleda var stor då vi møtte «Ilddåp» som vi segla med i Karibbien. Av dei 200 barane som finst i Halifax, møttes vi tilfeldigvis den første kvelden på ein av dei.

4929842_578x7714929841_578x771

Etter eit par veker segla vi vidare til St. Johns på Newfoundland. Her var vi også eit par veker før vi satte avgårde over Atlanterhavet igjen, med kurs mot Skottland. Skottland traff vi ikkje, men etter 24 døgn på havet gjekk vi iland på Shetland, minst like bra, og nesten heime igjen!

Etter nesten eit år på langtur var vi tilbake, absolutt fint å være heime igjen, men også litt vemodig. Om det kan forklarast slik.

20110701-092214-pic-987390159