Færøyane 2013

Segleturen som skulle gå til Grønland sommaren 2013 kan kort og godt oppsummerast med biletet under. Det vart aldri Grønland på den eventyrlystne gjengen som kasta loss i Volda i starten av juli. Men det vart mange andre opplevelsar og erfaringar, sjølv om turen ikkje vart som forventa.

Fri Inspirasjon

Det var fortsatt eit stykke igjen til Shetland då vi byrja å ta inn vatn. Vi forstod ikkje kor det kom frå, men det kom ein god del og vi valgte til slutt å kontakte Hovedredningssentralen. Dei tok kontakt med Shetland Coastguard, og dermed fekk vi besøk av både redningshelikopter og redningsbåt.

HavariSommer (11 of 94)

HavariSommer (14 of 94)

Framme i havna på Unst, og det mest må hengast til tørkHavariSommer (19 of 94)

Det vart fort tomt for gode tørkeplassar på båten, så gjerdet utanfor klubbhuset blir tatt i bruk.

HavariSommer (31 of 94)

Vi havna på Unst nord på Shetland, vi innsåg etterkvart at det ikkje ville bli moskusjakt på Grønland den sommaren her, så Rune bega seg derfor ut på kaninjakt.

HavariSommer (47 of 94)

Takka være Tony på Unst fekk vi etterkvart start på motoren igjen, utan han hadde vi nok fortsatt vore på Unst. Så etter fire dagar segla vi sørover til Lerwick. Der måtte vi fiksa resten, blant anna forstaget, vi tok til tider stor plass i hamna i Lerwick.

HavariSommer (56 of 94)

Vi var godt bevæpna med tanke på turen til Grønland, men politiet på Shetland var ikkje vidare imponert over vår forsvarlege oppbevaring av våpen og ammunisjon. Ein hengelas på døra til doen var ikkje godkjent.

HavariSommer (71 of 94)

Frå Lerwick segla vi til Scalloway, som vanleg tok vi turen innom museet.

DSC_0749

På hamna på Svinøy nord på Færøyane var det ikkje mykje plass, spesielt innseglinga va trang. Men vi leste også at den kun var for nødsfall, men utan motor og vind så meinte vi at det var på grensa til nødsfall.

DSC_0003

DSC_0020

Sikta ut frå Torshavn var meget begrensa, det var i overkant spanande til tider.

DSC_0152

Men etterkvart vart det mange fine, rolege dagar på havet, kanskje til og med litt for roleg.

DCIM104GOPRO

 

 

Våre sponsorar for turen var:nemo

plany

sportsbutikken.no